UFO-sverm avbraut fotballkamp
Det var eigentleg ein heilt vanleg kamp i reservelagsserien i
Toscana ein dag på 50-talet. Men grunnen til at kampen måtte
avbrytast, var alt anna enn vanleg: Ein sverm med lysande UFO-ar som
tok til å fly over bana.
Tysdag 27. oktober 1954 var ein klår og kjølig ettermiddag. 10.000
menneske hadde møtt fram til lokaloppgjeret mellom B-laga til
Italias beste lag på den tid, Fiorentina, og den lokale rivalen
Pistoiese på Stadio Artemi Franchi i Firenze.
Andre omgang var så vidt i gang. Så kom UFO-ane over bana, og kampen
stansa heilt opp. Publikum, spelarar og dommarar fekk plutseleg helt
andre ting enn kampen å tenkje på.
20 sigarforma lysande objekt
Sjeldan har ein fotballkamp blitt avbroten av ei meir spektakulær
årsak enn B-kampen mellom Fiorentina og lokalrivalen Pistoiese då
rundt 20 sigarforma lys stansa rett over stadion.
Dei blei hengande der ei lita stund, men etter nokre minutt – noko
seier fem, andre 15 – reiste dei i sikksakk frå stadion-området.
Og som om ikkje det var nok: Nokre minutt etterpå tok kvite små
strimlar til å falle ned over bana. Det blei borte raskt, omtrent
som dei første fnugga av nysnø.
Var det invasjon frå verdsrommet? Eller kva var det? Ingen har funne
noko klart svar på det som skjedde denne dagen over Stadio Artemi
Franchi i Toscana i Italia for 60 år sidan. Den dag i dag er det eit
mysterium, det dei opplevde på og rundt bana.
audio on this-
hør BBCopptak på dette- kopi her
– Eit ufatteleg syn
Eit par minutt ut i andre omgang, på stillinga 6–2 til
Fiorentina, omtrent klokka 14.20, skjedde det: Dei lysande punkta
stansa rett over bana. Ingen forstod kva det var.
Fiorentina-supporteren Gigi Boni var blant dei 10.000 på tribunane.
– Eg hugsar godt det ufattelege synet, sa han. – Dei (lysande
objekta) kom veldig raskt, så stansa dei heilt opp. Dei såg ut som
kubanske sigarar, fortel han.
– Eg trur framleis at det var utanomjordiske vesen. Det finst inga
anna forklaring, sa Boni til BBC mange år etterpå.
– Vi gløymde kampen
Fiorentinas landslagsspelar Ardico Magnini spela også kampen.
– Vi oppdaga at publikum ropa og såg opp mot himmelen i staden for
på oss som spela fotball. Automatisk såg vi opp også, og gløymde
kampen. For meg såg det ut som lysande egg som rørte seg sakte. Vi
fekk vel nærmast sjokk, seier Magnini.
Dommaren stoppa sjølvsagt kampen der og då. «Fordi publikum såg noko
på himmelen», som han skreiv i kamprapporten sin. Først etter at
UFO-ane hadde reist sin veg, sette han kampen i gang igjen.
Pistoiese-spelar Romolo Tuci hugsar også svært godt hendinga. Han
var i tenåra den gongen, og trur endå fullt og fast på at det var
vesen frå andre planetar enn jorda han såg.
– Alle snakka om UFO og utanomjordiske vesen på den tid. Og vi
trudde fullt og fast at vi såg dei på direkten, så å seie, seier
Tuci. Han trur framleis det var utanomjordiske krefter han såg
resultatet av den dagen.
Over heile byen
Det var ikkje berre dei på og rundt bana som opplevde dei
flygande objekta.
Lysa var skarpe, sjølv om det var midt på dagen, og kunne sjåast frå
heile byen. Også frå nabobyane kom det meldingar om uforklarlege
lysande objekt på himmelen den ettermiddagen. Så langt unna som i
Venezia var dei observert den dagen.
Forskarar og vitskapsmenn har grubla over hendinga i dei 60 åra som
har gått, men utan eit eintydig svar. Dei har mange teoriar og mange
mogelege forklaringar, som ulike typar av militær aktivitet. Men
ingen har funne fasiten.
Men det kan ikkje ha vore innbilling eller massesuggesjon på
stadion. Dei lysande flygande objekta vart nemleg observerte i
fleire byar over heile Toscana den dagen og dagane etterpå, meiner
Roberto Pinotti, president for Italias nasjonale UFO-senter.
Aviser: Invasjon frå Mars
Innsamling av vitneobservasjonar viser at lysa kom nordfrå,
og var først registrert i Prato, nord for Firenze.
– Avisene skreiv om invasjon frå Mars. No veit vi at det ikkje var
slik. Men vi må konkludere med at det var eit intelligent
teknologisk fenomen som ikkje kan knytast opp til noko vi kjenner på
jorda, seier Pinotti.
Hendinga vekte sjølvsagt stor merksemd i pressa. «Ei bølgje av
flygande tallerkar over Italia», var overskrifta i avisa Domenica
del Coririere.
Pinotti er også forundra over nedfallet som Magnini kallar
”sølvglitter”. Andre har gitt det namnet ”englehår”. Pinotti er
usikker på om det hadde nokon samanheng med dei lysande flekkane.
Lokalavisa nedringt
Giorgio Batini var journalist i lokalavisa ”La Nazione” – ei
avis som vart nedringt av folk som meir eller mindre skrekkslagne
undra seg på kva dette var. I eit tv-program mange år etterpå
fortalde Batini korleis han opplevde det.
– Eg gjekk opp på taket på bygningen vi heldt til i, midt i byen.
Der såg eg tydeleg lysande ballar som bevegde seg i retning
katedralen, fortel han.
Deretter reiste han ut i ein liten skog i utkanten av byen, og fann
at bakken var dekka av det lette fine nedfallet. Han klarte å ta
vare på noko av det, og tok det med til eit institutt for kjemisk
analyse. Der fann dei ut at det inneheldt element av mange ulike
stoff, mellom anna silisium og brom. Men det var ikkje radioaktivt.
Mange teoriar
Noko nærmare svaret kom han ikkje. Det har ingen andre gjort heller,
60 år etterpå. Men teoriane er sjølvsagt mange.
Som for eksempel at militære eksperiment med å forvirre fiendtleg
radarovervaking kan ha gitt lys som viste seg i skyene. Og at dei
mystiske sølvtrådane var eit spesielt spindelvev som edderkoppar
brukar for å la seg blåse av garde i vinden. Men ingenting av dette
er verken bevist eller spesielt sannsynleggjort i ettertid. Trass
mange forsøk.
Fiorentina var beste laget i Italia og eit av dei beste i Europa på
den tid. Så om utanomjordiske vesen skulle velje å kome til jorda
for å sjå ein fotballkamp, var ein Fiorentina-kamp kanskje eit
naturleg val.
audio on this